torsdag 28. april 2011

Ny Harry Potter trailer

Må berre dele denne linken med dykk.
Eg har sett den fleire gonger allereie og eg får frysningar kvar gong.
Eg kan ikkje sei anna enn at eg gledar meg noko heilt sjukt!!!

onsdag 27. april 2011

Påska 2011

Ja, då var påska 2011 over. Det har våre ei kjekk veke med besøk av familie frå alle kantar. Den store overraskinga var når Linn Cecilie og Hans Christian dukka uanmeldt opp! All ære til dei som greide å halde det hemleg for heile familien og kjøre dei rundt tolv timane det tek å kome seg hit. Det har blitt tatt monge fine bilder i påska, og her kjem nokon av dei:
Eg har fått meg nytt skoskap til den nyoppussa gangen min og Ørjan var flink til å helpe meg setje det opp :)
Vi fikk nydelig vær i påska og då vart det tur med grilling :)
Linn og Hans
+ Nina
Vår location for grilling






Nydeli kylling i Thailands marinade




Håpe alle andre og hadde ein nydelig påske og koste seg slik som oss :)