Eg tenkte at eg for ein gong skuld skulle legge inn eit innlegg, som ikkje inneheld bilder av Bono. Men noke meir om meg sjølv?
Eg har i det siste fått ein stor fasinasjon av The Big Bang Theory, og synes det er ein heidundrandes bra serie, min type humor delux. I BBT so er jo dei alle nerdar og dei likar tegneseriebøker og alle slags ekstra ting som ein kan kjøpe utenom (collectors object til seriane dei liker osb). Dette blir av dei fleste sett på som "ekstrem nerding" (om du vil), og blir sett ned på. Samt om du samlar på myntar eller frimerker, men om du samlar på Dvdar, cdar, tv-spel og lignande, blir liksom ikkje sett på som nerding på samme måte. Kva er egentlig forskjellen?
Eg sjølv samlar på hundeutstyr (ikkje alle forstår den fasinasjonen), bøker av seriar eg likar og diverse anna. Eg er stor fan av Harry Potter og det er collectors objects som eg gjerne kunne tenke meg å skaffe, men som blir sett ned på av andre, eller det vil sei eg er "redd" for å bli sett ned på av andre og føle at dette er ein barnslig ting å samle på. Ein får liksom stempelet nerd. I følge wikipedia er ein nerd følgjande: "En nerd er en person med snevert interesseområde eller en sær hobby, men som har uvanlig god kunnskap og forståelse på dette området. Ordet brukes også ofte generelt nedsettende om en person som er intelligent eller skoleflink, men som er dårligere utrustet sosialt eller utseendemessig". Så i følgje denne definisjonen kan ein person som er intressert i motorsyklar eller vesker vere ein nerd, men sosialtsett vil ein ikkje bli kalt det. Eg ser eigentlig ikkje poenget mitt med dette innlegget, men det får så vere. Legg ved eit bilde av Big Bang gjengen, anbefalar å følgje med på denne serien ;)
